Astrid Iversen
Iversen er postdoktor i eit prosjekt om sentralbankar i krisetider, i eit samarbeidsprosjekt mellom Institutt for privatrett ved Universitetet i Oslo og Høgskolen i Innlandet. Ho er i permisjon frå stillinga si som førsteamanuensis i rettsvitskap ved Høgskolen i Innlandet.
Iversen har ein doktorgrad (2020) og ei mastergrad i rettsvitskap (2015) frå det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Ho har også studert bank og finansrett ved ESADE Law School/ Universitat Ramon Llull i Barcelona (2013) og vore gjesteforskar ved Lauterpacht Centre for International Law, ved Cambridge University (2017). Ho har tidlegare arbeidd som advokatfullmektig i advokatfirmaet Schjødt og vore sekretær for klagenemnda for revisor- og rekneskapsførarsaker.
Iversen publiserer særleg forsking om regulering av statsgjeld og sentralbankrett.