I 1961 vart Sikringsfondet for sparebankar og Garantikassen for sparebankar slått saman. Reglane om Sparebankenes sikringsfond vart teke inn i sparebanklova, og i 1970 fekk Sparebankenes sikringsfond eit lovfesta ansvar for tap som innskytarane kunne få ved rekonstruksjon eller avvikling av ein medlemsbank. Reelt sett endra det situasjonen lite, idet fondet allereie hadde som lovfesta formål mellom anna å dekkja tap som ein kreditor kunne få på ein medlemsbank. 

Private Aksjebankers Garantifond hadde i 1957 endra namn til Norske Forretningsbankers Garantifond. Obligatorisk medlemskap vart innført ved forretningsbanklova av 1961 og fondet endra endå ein gong namn, til Forretningsbankenes sikringsfond.  

Medan Sparebankenes sikringsfond skulle dekkja tap på innskot i sparebankar, kunne Forretningsbankenes sikringsfond dekkja tap på innskot i forretningsbankar. Det var inga beløpsgrense for dei ulike dekningsordningane. I tillegg til å dekkja tap på innskot ved avvikling av ein bank, hadde sikringsfonda også tilgang til å yta støtte til ein bank i krise.