Den norske bankkrisa kan delast inn i to fasar. I den første delen av krisa, 1987 til 1990, var det i hovudsak mindre bankar som fekk auka tap på utlån og svakare driftsresultat. Sparebankenes sikringsfond og Forretningsbankenes sikringsfond handterte dei fleste av desse bankane gjennom støtte og eigenkapitalinnskot. Ei rekkje bankar vart slått saman. Totalt var det i overkant av 20 bankar som fekk støtte av dei to sikringsfonda. Norion Bank var einaste bank som vart sett under offentleg administrasjon og avvikla som følgje av krisa, men heller ikkje her tapte innskotskundane pengar.  

Mot slutten av 1990 kom det til syne problem også i dei større bankane og det vart allment erkjent at krisa var meir omfattande. Denne andre fasen av bankkrisa vart brei og djup, og sterkt prega av utviklinga i norsk økonomi, høg realrente og fallande eigedomsprisar. Det var lite midlar igjen i dei etablerte sikringsfonda som følgje av store utbetalingar. Staten oppretta derfor Statens Banksikringsfond som skulle yta støttelån til bankane sine eigne sikringsfond, som dermed framleis kunne bidra med eigenkapital til dei kriseramma bankane. Støttelåna vart betalt tilbake med renter i åra etter krisa. 

Krisa toppa seg hausten 1991 då både den nest største og fjerde største banken i Noreg tapte all eigenkapital og den største banken fekk alvorlege problem. Statens Banksikringsfond fekk då høve til å bidra med kapitalførsel direkte til bankane. I tillegg vart også Statens Bankinvesteringsfond oppretta for å investera i bankar som ikkje var i ei akutt krise. Gjennom Statens Banksikringsfond og Statens Bankinvesteringsfond overtok staten aksjane i dei tre største forretningsbankane i landet. Statens Banksikringsfond og Statens Bankinvesteringsfond vart avvikla i høvesvis 2002 og 2004.