Den sterke økonomiske depresjonen i dei første åra etter verdskrigen 1914-1918 førte til at ei rekkje av sparebankane i landet kom i vanskar. 

Sikringsfondet for sparebankar vart etablert i 1921. Å vera medlem og bidra til fondet var opphavleg eit frivillig tilbod til sparebankane. Fondet skulle brukast til støtte for vanskeleg stilte sparebankar. Gjennom sparebanklova av 1924 vart fondsordninga lovfesta og obligatorisk for alle sparebankar. 

Sikringsfondet for sparebankar makta ikkje å gi nødvendig støtte for å motverka vanskane til sparebankane i 1920-30-åra. I 1932 vart det derfor i tillegg oppretta ei garantikasse for sparebankar og i 1934 eit «mellombels lånefond». Frå 1924 til 1939 var det mellom 8 og 43 bankar som årleg fekk støtte av sikringsfondet.  

Når det gjaldt forretningsbankane, vedtok Stortinget i 1924 ei oppmoding til regjeringa om å greia ut spørsmålet om skiping av eit sikringsfond også for aksjebankar. Private Aksjebankers Garantifond vart oppretta i 1938 som eit frivillig garantifond for forretningsbankar.