Etter den internasjonale finanskrisa i 2008 vart det klart at det fleire stadar i Europa var behov for betre reglar for handtering av bankar og betre innskotsgarantiordningar. Under finanskrisa hadde fleire land sett behov for å endra garantiordningane sine eller utskriva statsgarantiar for gjelda til bankane. EU utarbeidde derfor eit nytt regelverk som vart teke inn i norsk lov i 2019.  

Endringane harmoniserte regelverket på tvers av landegrenser og styrkte forbrukarvernet. Mellom anna vart det innført utvida dekning i inntil 12 månader for innskot knytt til enkelte særlege livshendingar, som arv og forsikringsutbetalingar og innskot i samband med eigne eigedomstransaksjonar. 

Regelverket for handtering av bankar i krise vart også endra, med mål om at tap ved bankkriser skal berast av aksjonærar og kreditorar, men ikkje av kundar med garanterte innskot eller staten.