Den internasjonale finanskrisa hadde utspringet sitt i USA. Kollapsen i Lehman Brothers hausten 2008 vart etterfølgd av ei akutt tillitskrise i finansmarknadene verda over. I pengemarknadene slutta bankane nærast å låna kvarandre pengar. 

Noreg var blant landa som klarte seg best igjennom den internasjonale finanskrisa. Svikten i dei internasjonale finansmarknadene førte likevel til likviditetsutfordringar for norske bankar, og omfattande styresmaktstiltak vart sett i verk. 

Då dei islandske bankane vart sette under administrasjon av islandske styresmakter, fekk også dei norske aktivitetane deira problem. Bankenes sikringsfond stilte likviditetsgaranti for den norske dotterbanken, Glitnir Bank ASA, for ein kortare periode føresett at banken vart seld. Glitnir Bank ASA vart deretter seld til ei gruppe av SpareBank 1-bankar. Krisa i Kaupthing førte til at over 5 000 innskytarar i den norske filialen til banken ikkje fekk teke ut innskota sine, og den islandske garantiordninga hadde store problem. Sidan filialen i tillegg var medlem av Bankenes sikringsfond, hadde kundane garanti også for innskot mellom det islandske dekningsbeløpet på ca. 175 000 kroner og det norske dekningsbeløpet på 2 millionar kroner. Norske styresmakter forskoterte utbetalinga av dei innskota som etter reglane skulle dekkjast av den islandske ordninga og saman med dekninga frå Bankenes sikringsfond fekk innskotskundane full dekning for innskot opptil 2 millionar kroner.