Sikringsfond har likskapstrekk med forsikringsordningar. Ei ordning med eit lågt tal medlemmer og ei skeiv storleiksfordeling mellom medlemmene er ugunstig fordi det gir lita spreiing av risiko. 

Sikringsfondet til forretningsbankane hadde 15 medlemmer ved utgangen av 2002. Den største medlemmen – DnB – representerte nær halvparten av den samla forvaltningskapitalen til medlemmene. Sikringsfondet til sparebankane hadde på same tidspunkt 130 bankar som medlem, men Gjensidige NOR Sparebank representerte meir enn ein tredel av den samla forvaltningskapitalen til medlemmene. Då bankeiningane i tidlegare DnB og Gjensidige NOR Sparebank skulle fusjonera til den nye DnB NOR Bank oppstod det eit behov for betre risikospreiing. Plassering av den nye store bankeininga i eitt av dei to eksisterande fonda, ville vera utfordrande. I 2005 vart derfor Sparebankenes og Forretningsbankenes sikringsfond slått saman til eitt felles fond: Bankenes sikringsfond.