• Endre Skjørestad

    Endre Skjørestad

    Styreleiar

    Skjørestad er advokat og har vore partnar i Haver Advokatfirma AS sidan 1985, og har også tidlegare vore statssekretær i Finansdepartementet. Han har fleire verv og sit i fleire styre i ulike bransjar. Skjørestad har tidlegare mellom anna vore styremedlem i Statens Bankinvesteringsfond, styreleiar i Statens finansfond, og dessutan vore styreleiar i Finanstilsynet frå 2010 - 2018.

    Skjørestad er cand.jur. frå Universitetet i Bergen.

  • Torbjørn Hægeland

    Torbjørn Hægeland

    Styremedlem

    Hægeland har sidan 2016 vore direktør for avdelinga Finansiell stabilitet og er medlem av leiargruppa i Noregs Bank. Han har tidlegare erfaring som forskingsdirektør i Statistisk sentralbyrå.

    Hægeland har doktorgrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Oslo.

  • Astrid Iversen

    Astrid Iversen

    Styremedlem

    Iversen er postdoktor i eit prosjekt om sentralbankar i krisetider, i eit samarbeidsprosjekt mellom Institutt for privatrett ved Universitetet i Oslo og Høgskolen i Innlandet. Ho er i permisjon frå stillinga si som førsteamanuensis i rettsvitskap ved Høgskolen i Innlandet.

    Iversen har ein doktorgrad (2020) og ei mastergrad i rettsvitskap (2015) frå det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Ho har også studert bank og finansrett ved ESADE Law School/ Universitat Ramon Llull i Barcelona (2013) og vore gjesteforskar ved Lauterpacht Centre for International Law, ved Cambridge University (2017). Ho har tidlegare arbeidd som advokatfullmektig i advokatfirmaet Schjødt og vore sekretær for klagenemnda for revisor- og rekneskapsførarsaker.

    Iversen publiserer særleg forsking om regulering av statsgjeld og sentralbankrett.

  • Trude Myklebust

    Trude Myklebust

    Styremedlem

    Myklebust er postdoc ved Juridisk fakultet, Institutt for privatrett (UiO). Ho har erfaring frå arbeid i Finansmarkedsavdelingen og Avdeling for Formuesforvaltning i Finansdepartementet, Høgsterett og som dommarfullmektig. Ho sit i Etikkrådet for Statens pensjonsfond utland, og var medlem av Klimarisikoutvalget (NOU 2018: 17). Myklebust har fleire publikasjonar innanfor finansmarknadsrett.

    Myklebust er cand.jur. frå UiO, har ei mastergrad (MSc) frå University of Oxford og ein doktorgrad i rettsvitskap frå UiO.

  • Jøril Mæland

    Jøril Mæland

    Styremedlem

    Mæland er førsteamanuensis ved Institutt for finans ved Norges Handelshøyskole. Instituttleiar i perioden 2013 til 2021. Medlem av Børsklagenemnden og Verdipapirlovutvalget.

    Mæland har ein doktorgrad i finans frå Norges Handelshøyskole.

  • Roar Hoff

    Roar Hoff

    Styremedlem

    Hoff er høgskulelektor II ved Institutt for finans ved Handelshøyskolen BI. Han var frå 1989 til 2020 tilsett i DNB, først som aksjeanalytikar med dekning av bank- og forsikringsnæringane, sidan som rådgivar for konsernleiinga rundt rammevilkår og strukturspørsmål. Sidan 1999 hadde Hoff leiaransvar innan DNBs risikostyringsområde, der han dei siste åra hadde ansvar for kapitalen til konsernet og risikovurderingsprosess (ICAAP) og DNBs gjenopprettingsplan. Hoff leidde Fagutvalg Soliditet i Finans Norge frå 2001 til 2020.

    Hoff er siviløkonom med høgare avdelings eksamen frå NHH og autorisert finansanalytikar.

  • Øystein Løining

    Øystein Løining

    Styremedlem

    Løining var tidlegare avdelingsdirektør i Finansmarkedsavdelingen i Finansdepartementet.